Måndag 18. april blir det utkopling av vatnet i Varleitet og i Hofsetmarka. Det melder Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar drift og anlegg i Ulstein kommune.

Utkoplinga blir gjort rundt 23.00 måndagskevelden og skal ifølgje Wiik vare nokre timar utover natta. Dermed skal vatnet vere tilbake før dei fleste er oppe tysdag morgon.

Wiik fortel at dette er det siste koplingsarbeidet som skal gjerast i samband med reservedrikkevassforsyninga mellom Ulstein og Hareid.

Les også: Reservevassleidninga snart ferdig