Sjømannskyrkjeforeininga «Veslekvist» - med røter i Snipsøyrdalen - er 90 år no i april. Det vil foreininga markere ved å flytte basaren fredag 15. april attende til dalen, og ved å ha litt ekstra på matbordet.

Då dei som starta jenteforeininga «Veslekvist» tidleg på 1900-talet vart vaksne, melde dei foreininga si inn i Sunnmøre krins av Den norske Sjømannsmisjon. Datoen var 26. april 1926. Fram til då hadde jenteforeininga halde basar om våren i lag med gamleforeininga i dalen, men den aller fyrste basaren dei stod for åleine, vart om hausten i 1926. I dei åra som sidan har gått, har medlemmane i foreininga laga til basar så å seie kvar vår.

Basaren på Holsanden fredag vert halden etter god, gammal tradisjon. Loddsal og trekningar tek tid, difor er programpostane elles korte og få. Det vert åresal og ei kveldstrekning med gevinstar til høgare verdi enn åresalgevinstane. Til slutt trekkjer vi hovudgevinstane. Der kan du vinne fruktkorg, leikebil, doble sengesett, ullpledd, stålbestikk til tolv og ikkje minst ei dokke med vogn og stor, flott garderobe.

Litt ut i programmet tek vi ei god matykt. Vi dekkjer eit langbord med både saltmat og søtmat, alt heilt gratis.

Kom og ver med oss på eitt av våren sine vakre eventyr i Snipsøyrdalen.