- No må politiet på Sunnmøre styrkast, innleia politimeister Jon Steven Hasseldal. Han lovar ein hard kamp om dei 280 nye stillingane som etaten får tildelt neste år. Sunnmøre politidistrikt ligg nederst på lista over politidistrikt når det gjeld budsjettildelingetaten. Sunnmøre treng ca. 50 fleire politistillingar for å kome på nivå med Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt, som får nest minst per innbyggjar.
I statsbudsjettet for neste år ligg det an til å opprette 280 nye politistillingar på landsbasis.
- Det er mi kampsak at publikum på Sunnmøre får nyte glede av desse stillingane, lovde Hasseldal. Han poengterte at innbyggjarane på Sunnmøre er dei i landet som får minst politikroner per innbyggjar.
- Dette kan vi ikkje finne oss i og vi må jobbe hardt for å argumentere for at vårt distrikt får ei kraftig auke i tildelinga av politistillingar neste år, seier Hasseldal.
- Sjølv om Sunnmøre politidistrikt har kome dårlegare ut tidlegare år med tanke på budsjettildeling, kan ikkje dette fortsette, udjupa politimeisteren. Distriktet har med geografiske utfordringar, fjordar, ferjestrekningar - og ei forventning om ein stor auke i antal innbyggjarar, eit kraftig behov for å styrke politiberedskapen. Fleire politistillingar vil gje innbyggjarane betre polititeneste.
I dag må politiet prioritere bort mange oppdrag dei burde dekka, grunna manglande ressursar. Fûrst- og Høverstad-modellen har gitt politiet på Sunnmøre ein dårleg inngangsbillett når det gjeld tildeling av budsjettmidlar. I modellen ligg det ein terskelverdi som utgjer at politidistrikt med kommunar som har innbyggjartal over 10 000 og 50 000, får ekstra midlar tildelt. Dette gjer at Sunnmøre kjem dårleg ut, men distriktet har fleire kommuner som nærmar seg 10 000 innbyggjarar og i Ålesund kommune nærmar det seg 50 000 innbyggjarar. Innbyggjartal over dette ville gitt Sunnmøre politidistrikt ei betre utteljing på rammetildelinga. Modellen er planlagt endra, men det er ikkje kjent når dette vil skje.
Politiet har dei siste åra hatt høgt fokus på område som familievernkoordinatorar, etterforskning av seksuelle overgrep, narkotikasaker og mobile vinningskriminelle. Saksområda er krevjande å etterforske og krevar dermed store ressursar, dette har også gått på bekostning av beredskapen.
Politiet har siste årene har høy fokus områder som familievernkoordinatorer, etterforskning av seksuelle overgrep, narkotika saker og mobile vinningskriminelle. Saksområdene er krevende å etterforske og krever store ressurser, dette har også gått på bekostning av beredskapen.
Gode resultat trass i låg bemanning
Trass i dårlege budsjett og færre polititilsette enn behovet tilseier, leverer Sunnmøre gode resultat. Spesielt innan forbrytelsar har distriktet eit av landets beste resultat når det gjeld oppklaring. Sunnmøre har oppklara 51 prosent av forbrytelsessakene i år, medan det på landsbasis kun oppklarast ca. 36 prosent.
Siste året er det registrert ein auke i valdssaker i flere kommunar. Politiet jobbar aktivt med å førebygge og har fokus på publikums tryggleiksfølelse. Melom anna er det oppretta eit samarbeidsprosjekt med kommunane om «Ansvarlig vertskap».
- Likevel er auka beredskap, aktivt og synleg politi viktig for å gi publikum betre polititeneste, fastslo Hasseldal.
Han fekk umiddelbar støtte av fleire av ordførarane. Forsamlinga med ordførarar støtta politimeisteren sitt syn og vil auke aktiviteten for at politiet på Sunnmøre får fleire politistillingar.
Tunge framtidige utfordringar for politiet
Meir komplekse saker som innbrot med få spor, mobile vinningskriminelle, elektronisk kriminalitet blir nemnt som saker der etterforskninga krev høg kompetanse og er ressurskrevjande.
- Vi må skape robuste einingar som kan møte desse krava og dermed er vi tvinga til å sjå på administreringa av driftseiningane, sa politimeisteren, og orienterte om at politidistriktet har oppretta "prosjekt Sunnmøre" med to delprosjekt der dei vil sjå på framtidig driftseiningsstruktur.
- Vi må skape robuste enheter som kan møte disse kravene og dermed er vi tvunget til å se på administreringen av driftsenhetene, sa politimesteren, og orienterte om at politidistriktet har opprettet «prosjekt Sunnmøre» med to delprosjekt der de vil se på fremtidig driftsenhetsstruktur.
Lennsmansskontora vil ikkje bli berørt i denne omgang.
- Det er det ikkje politisk klima for, sa Hasseldal. Dette arbeidet skal ferdigstillast innan 1. februar neste år.
Sunnmøre politidistrikt har i haust oppretta ei eiga gruppe som skal jobbe med seksuelle overgrep og det skal no tilsetjast etterforskarar og politiadvokat til gruppa.
Distriktet har også oppretta ei politistilling som skal jobbe mot utleningar som begår lovbrot.