Iphone frå Apple er ein av dei mest populære smarttelefonane her til lands. Sjølv om den siste varianten av telefonen er klargjort for 4G, vil du ikkje kunne surfe på dette nettet i Norge. Iallfall ikkje førebels.
– Vi håpar å kunne tilby 4G til Iphone-kundar i starten av 2013. Før vi kan gjere det, må vi få på plass ein teknologi som gjer at telefonen kan nytte 4G til internett og det gamle GSM-nettet til å ringe og sende sms-meldingar. Denne er framleis under utvikling. Det seier dekningssjef Tommy S. Johansen til lokalavisa.
Iphone vil heller ikkje kunne ta inn alle 4G-signal når denne teknologien er på plass.
– Apple har berre opna for 4G på eit frekvensband for Iphone. Det er dette bandet vi nyttar til 4G i dag. Om vi får konsesjon til å nytte 800 megahertz-frekvensen, vil ikkje Iphone kunne ta inn 4G på denne, seier Johansen.