Vikebladet Vestposten har lansert ein såkalla QR-kode, som du kan skanne med smarttelefonen eller nettbrettet ditt. På den måten får du full oversikt over programmet for dei ulike krinsane på Hareidlandet under årets feiring av 17. mai.

Full oversikt – overalt

Digital marknadskonsulent John Birger Våge og marknadskonsulent Marte Jonill Krumsvik i Vikebladet Vestposten fortel at det er ei finesse for dei som ynskjer å halde kontroll på kvar det skjer ting på den store dagen.

– Det er ganske enkelt. Når du scanner denne QR-koden får du opp ei nettside der du kan laste ned programmet for din, eller ynskjeleg krins. På den måten har du full kontroll uansett kvar du er, fortel Våge og Krumsvik.

Koden er lett leseleg med smarttelefon og nettbrett, og kan lesast direkte frå biletet i artikkelen. Det er nødvendig med ein applikasjon som opnar for at du kan skanne kodar med din smarttelefon eller nettbrett. Desse applikasjonane finn du gratis på applikasjonsbutikkane til din plattform, både for Android, iPhone og windowsmobilar.

Tenesta er gratis frå Vikebladet Vestposten. Du betaler berre tenesteoperatøren din for nytta datatrafikk til nedlasting av innhaldet.

Også på datamaskiner

Datamaskiner nyttar ikkje QR-kodar. Heile programoversikta kan du laste ned i PDF-format direkte frå Vikebladet.no. Lenkje finn du høgremargen. Du treng då eit PDF-program for å lese innhaldet. Dette ligg installert på dei aller fleste datamaskiner.