Søndag spelar Hødd cupfinale mot Tromsø på Ullevål Stadion, og det blir nok ikkje langt mellom sunnmøringane på Oslo Lufthamn, Gardermoen søndag kveld.
Norwegian har sett opp to ekstrafly frå Gardermoen til Vigra søndag, eitt med avgang klokka 22 og eitt med avgang klokka 23 om kvelden.
Det kan likevel bli ei utfordring å kome seg heim for dei som skal over breisundet til Ytre Søre Sunnmøre. Den siste snøggbåten går nemleg frå Valderøya klokka 2310 med korresponderande flybuss klokka 2255.
Det er nok berre eit fåtal av dei som reiser med dei allereie nemnde flya som vil rekke denne båten.
SAS har ein avgang klokka 2145 frå Oslo. Denne bør korrespondere bra med snøggbåten.
Norled: – Ekstra avgang ikkje aktuelt
Norled, som driv snøggbåtruta mellom Hareid, Valderøya og Ålesund, avviser at det er aktuelt å setje opp ekstra båt for å ta unna cupfinaletrafikken.
– Vi har fått ein førespurnad frå eit reisebyrå om å leige ein båt, men eg trur det valde å køyre buss til ferja, seier assisterande hurtigbåtsjef Einar Bjørn Gjesteland i Norled til Vikebladet Vestposten.
– Og det er ikkje aktuelt for dykk å setje opp ekstra båt på eige initiativ for dei som ikkje nyttar reisebyrå?
– Nei, vi har ikkje planar om å sette opp ekstra båt.