I dag, 18. desember, sende eg nokre ord til Facebook-sida til Vikebladet/Vestposten. Same kvelden fekk eg svar frå sjølveste redaktøren med spørsmål om det let seg gjere å skrive noko meir til julenummeret av VV.
Fristen var kort, svært kort for ein «travel» pensjonist. Likevel vil eg freiste å skrive nokre ord - ikkje berre ei vanleg julehelsing, men meir ei lita skildring av korleis eg og Bente har opplevd ca. 3 månader på solkysten i Spania.
Den 19. september pakka vi koffertar og bil med kurs for Gardermoen. Neste destinasjon - Alicante. Det var fint haustver då vi forlet heimlandet kl. 20 om kvelden, men då vi landa i Alicante rundt midnatt, var det over 20 varmegrader. Dette lova godt, eller?? Eg er slik samanskrudd at eg nesten aldri frys og synest 20 varme er nok. På jobben snakka kollegaene mine om at eg hadde to typer t-skjorter. Den eine hadde tre cm lengre armar enn den andre. Den med lengst armar kalla dei vinter-t-skjorta mi.
Eg skulle raskt få erfare at sjølv den med kortaste armane vart for mykje å ha på kroppen dei to første månadane. Med opp til 35 grader i skuggen vart det heftig. Eg lærte fort å finne plassar der det var kort veg til skugge! Spanjolane fortalte at det ikkje hadde vore nedbør på eit halvt år! I butikkar og restaurantar gjekk kald drikke unna som varmt kveitebrød?! På stamrestauranten, Capri, forstod dei at dei måtte ta grep for å berge ein stakar. Dei hadde glasa liggande i frysaren! Det gjorde at all drikke heldt seg kald lenge. Edvardo fortente kvar ein euro i tips for denne sørvisen.
På den 12 km lange fantastiske badestranda med den gyldenbrune sanden låg folk som sild i tønne. Dei bleike nordeuropearane skifta fort farge, mange fekk snart ein av fargane i det norske flagget. Solfaktor 40 var for lite! For meg var det meir freistande å sitte under parasollane på strandpromenaden - i varmaste laget det og.
Dei tre siste åra har Bente og eg hatt tilhald i Guardamar del Segura eit par månader kvar haust og vinter. Guardamar er ein forholdsvis liten by ved Middelhavet, ca. 17000 innbyggarar, men folketalet mangedoblar seg i påska og i juli/august. Byen er likevel inga turistmaskin. Her er forholdsvis stille og rolig, fint for vakse folk. Her er mange nordmenn (som elles på solkysten). Vi har ikkje kontakt med alle, men vi er ein «klan» på 15-20 stk. som har eit veldig fint samhald. Det sosiale står høgt i kurs. Det varme klimaet tilseier at ein kan vere ute frå tidleg morgon til seine kvelden.
Spania og spanjolane er det ikkje mykje å utsetje på. Mange ting er litt framande for oss nordboane, men mitt inntrykk er at møter du folket her med venlegheit og eit ope sinn, vert du godt motteken. Dei aller fleste er høflige, blide og sørvisinnstilte.
Restauranttilbodet er stort i byen, fleire hundre, og her er mat frå alle verdsdelar. Likevel, den beste og originale spanske maten har vi funne på turar lengre inn i landet og oppe i fjella. Her kan ein oppleve det ekte spanske, laga på kjøkken med steinomn og utan innlagt vatn! Betre mat enn på mange såkalla gourmet-restaurantar.
Så litt om juletradisjonane slik vi opplever dei her nede. Generelt er spanjolane flinke til å lage til festar og feiringar. Påska er den store høgtida i så måte. Dei vekeslange prosesjonane må berre opplevast, det er vanskeleg å skildre. Jula er og ei viktig høgtid for spanjolane. Dei pyntar i gatene og husfasadane, mykje meir enn det vi ser i heimbygda. Har inntrykk av at det er kommunen som står bak det meste. Kyrkja har og sine fine tradisjonar - dei feirar dei fleste helgenar.
Rundt sist helg opplevde vi noko som aldri har hendt oss her nede før. Veret var av typen tradisjonelt norsk haustver - stiv kuling med storm i kasta og heftig nedbør. Då fekk vi erfare at spansk byggstandard ikkje er som heime. Det plystra og peip i vindaugo og sjølv ein inneglasa terrasse viste seg å ha ein del lekasje. Handdukar og gamle laken måtte fram for å samle opp vatnet. Det positive var at vi fekk vaska golvet samstundes.
I dag, måndag, gløttar sola fram igjen, og ny periode med finever er i emning i fylgje meteorologane. Får håpe dei får rett. Feiebilane og lauvblåsarane er i full sving over alt. Mykje rusk og rask etter det heftige veret. Dette med feiing av gatene er noko vi har mykje å lære av frå Guardamar! Kvar dag, tidleg om morgonen, er mannskapet i sving.
Å kome i den rette julestemninga i 15-20 plussgrader er ikkje lett, men med ei «nissemor» i spissen har det kome på plass både juletre, julestjerner, nisser og lenker i alle fasongar. Det har vorte rett koseleg.
Før vi set nasa heimover tredje juledag, skal høgtida feirast saman med gode vener med tradisjonell norsk julemat. Kanskje kjem nissen på besøk også. Vi har då vore snille med kvarandre alle her nede!
Med desse orda vi vi ynskje slekt, vener og kjende ei retteleg god jul og eit fredfullt nytt år!