Tidlegare i dag skreiv vikebladet.no at Aftenposten skriv at eit stortingsfleirtal vil ha fortgang i kommunesamanslåingsprosessen og tvangssamanslå 15-20 kommunar.

Men venstrekvinna Gunn Berit Gjerde avfeier at Ulstein og Hareid blir tvangssamanslått på dette viset. For to veker sidan hadde Hareid Venstre medlemsmøte. Der vedtok dei samrøystes at Venstre på Stortinget må respektere lokaldemokratiet. Då det vart gjennomført folkerøysting i Hareid sa 59 prosent nei til samanslåing med Ulstein. Frammøteprosenten var 53,5 prosent. Då saka var oppe i Hareid kommunestyre 31. august sa kommunestyret samrøystes nei til ei samanslåing av Hareid og Ulstein.

Sjølv om Hareid Venstre i utgangspunktet er positive til ei samanslåing av Hareid og Ulstein, meiner dei det ikkje er rett å slå saman kommunane med tvang.

– Me kan ikkje akseptere at lokaldemokratiet og folkerøysting ikkje blir respektert, seier Gjerde.

Har fått svar

Andre Skjelstad, som er Venstre sin representant i Kommunal- og forvaltningskomiteen, har svara Hareid Venstre at han ikkje vil bruke tvang for å slå saman Hareid og Ulstein.

Gjerde seier at Høgre og Framstegspartiet ikkje har fleirtal utan Venstre og Kristeleg Folkeparti. Og når Venstre ikkje vil bruke tvang, trur ho ikkje det blir fleirtal for det. Ho ser det som lite truleg at dei får med seg andre parti i staden for å få fleirtal i denne saka.

Løyser også opp det samanslåtte lokallaget

For nokre år sidan slo Venstre-lokallaga i Ulstein og Hareid seg saman til eitt lag. Det var for at dei tenkte at dei to kommunane kom til å slå seg saman. Men no som kommunane har vore gjennom ein lokal prosess, og Hareid har svara tydeleg at dei ikkje vil slå seg saman med Ulstein, har Venstre kome til at dei igjen vil dele seg i Ulstein Venstre og Hareid Venstre.

– Då er det ikkje praktisk å vere eitt lag, seier Gjerde som tvilar på at det blir samanslåing i denne omgang. Men ho håpar at kommunane kan få eit godt samarbeid som på sikt kan føre til at folk i både Ulstein og Hareid ser det tenleg å bli ein kommune.