Frode Vestnes, som bur like ved, har sendt oss bilde frå då arbeidet var i sluttfasen no like før skulestart.

– Elevar og foreldre kjem til å verte møtte av ei utvida og oppgradert rundkøyring, som skal gje betre plass til av- og påstiging, seier han.

Saka vart diskutert på teknisk utval i Ulstein i juli. Ingen av politikarane hadde innvendingar til planane, og la vekt på at arbeidet måtte ferdig til skulestart. FAU ved skulen tok opp saka med kommunen i mai.

Rundkøyringa er no utvida og har fått ny asfalt, og det skal no vere mogleg for personbilar å kome seg forbi når bussen stoppar ved buss-skuret. I tillegg er det laga ei eiga rås til skuleområdet.

– Eg håper det også kjem på plass betre lys, til dømes ved at det vert sett opp ei lysmast ved buss-skuret, seier Vestnes.