Hareid har fått ny kafé på hurtigbåtkaia.

- Vi har prøveopning i dag, den offisielle opninga er først 4. september. Då blir det snorklipping, is til borna og kaffi og kaker til alle som vil ha, fortel dagleg leier Trine Kleppe Liavåg til Vikebladet Vestposten.

Korleis har denne prøveopninga gått?

- Vi måtte sjekke om alt fungerer, og det gjer det, fortel Liavåg.

Mat for folk i farta

Det er Fjord1 som eig nyekafeen, som har fått namnet "Ferdamat".

- Konseptet er mat for folk i farta, mat du kan ta med deg. Men det er også fullt mogleg å setje seg ned her og ete både lunsj og middag, fortel Liavåg.

I tillegg til varmmat har kafeen kioskvarer og brødmat.

Kafeen blir stengd no i helga og skal halde ope frå 07.00 til 14.00 fram til opningsdagen.

Etter den offiselle opninga vert kafeen open frå 07.00 til 17.00 på kvardagar og frå 11.00 til 17.00 på laurdagar og søndagar.

Lang erfaring

Til å leie kafeen, har Fjord1 altså tilsett Trine Kleppe Liavåg.

Ho er 55 år, opphavleg frå Kleppane i Leikong. Dei siste 25 åra har ho budd i Hjørungavåg.

Ho er utdanna kokk og forpleiningssjef og har etterutdanning som leiar.

Tidlegare har ho vore dagleg leiar for kantina hos Rolls-Royce i Ulsteinvik, ho har vore kokk og kjøkensjef på sjukeheimen i Herøy, og vore kokk og forpleiningssjef på forskingsbåtar i Forsvaret.

Ho kjem no frå jobb som forpleiningssjef i Island Offshore.