Til no har det vore vanleg å gjennomføre tidtakinga med stoppeklokka på ulike idrettsarrangement på Hareidlandet. Men på Nordvest maraton i helga vart deltakarane bli utstyrte med kvar sin chip. Denne chipen gjorde det enklare for arrangørane å ta tida på deltakarane, og han registrerte kvar deltakarane var i løypa.

Det var lagt inn tre sjekkpunkt. Etter kvart som løparane passerte desse sjekkpunkta kunne arrangørane sjå det. Ja, ikkje berre arrangørane, også publikum.

Ved å gå inn på nettsida racetracker.no/event kan folk gå inn og sjå når utøvarane kjem inn til dei ulike sjekkpunkta. Sånn blir det langt artigare å følgje med på maratonløp. Og det er også bra for tryggleiken til utøvarane.

Fem grupper samarbeider

Det er Hareidlandet Triatlon som tok initiativ til samarbeidet. Daniel Slettebakk fortel at det ofte kan vere vanskeleg å få folk til å stille som tidtakarar. Det er mykje å følgje med på i eit triatlon. Etter fjorårets arrangement bestemte dei seg for at neste år ønskte dei å ha på plass elektronisk tidtaking.

Slettebakk fann ut at det kosta over 30 000 kr for å leige eit slikt system for eit arrangement. Han kontakta banken og Hareid idrettslag og Hjørungavåg idrettslag for å høyre om det var mogleg å få til eit samarbeid for å kjøpe eit felles tidtakingssystem. Og det var det.

Hareid IL er med i samarbeidet med tre grupperingar: friidrett, Nordvest Maraton og trimgruppa. Dei har hatt fleire møte for å jobbe med denne saka. Dei såg føre seg at dei fem grupperingar kunne bidra med opptil 25 000 kvar, men det vart ikkje naudsynt. Banksjef Melinda Skeide sa at banken kunne betale 75 000 kroner, for dette syntest banken var eit så flott tiltak.

- Sparebanken Møre har samarbeidsavtale med alle tre. Dei gjer mykje bra kvar for seg, og saman blir dei berre endå betre, slår Skeide fast og synest det er kjekt at dei klarer å gjere noko i lag på Hareid.

Vil leige det ut

Utstyret kosta 135 000 kroner. Anita Waage, dagleg leiar i Hareid IL, vil forvalte utstyret som kan leigast. Slik håper idrettslaga at dei også kan få litt inntekter på utstyret, og fleire kan få glede av det.

Kvar deltakar på idrettsarrangementa blir utstyrte med ein slik chip. På nettsida racetracker.no/event kan publikum følgje med på kor langt dei er komne i løypa. Foto: Ingvild Aursøy Måseide