Etter ei solrik påske har det snødd dei siste dagane på Hareidlandet. Nokre born gler seg over at dei endeleg har fått akeføre i barnehagen, andre kunne godt vore denne snøen forutan.

Yr.no melder at det kan kome nokre snøfiller også natt til laurdag, men så ser det ut til at vinteren er over for denne gongen. Laurdag er det meldt ein del regn. Men så lettar det. Frå onsdag neste veke kjem sola, og det skal bli oppi 10-11 grader. Yr melder opplett også til helga neste veke.