Ulstein kommune har ei lita oppmoding til innbyggarane før helgefreden seinkar seg.

– Vi vil oppmode innbyggarar med kjennskap til slukar som ligg nedsnødd, om å spade dei fram for å redusere vasskadar. Alternativt ta kontakt med teknisk vakt på 47 60 10 00, seier leiar for anleggs- og driftsavdelinga, Jørgen Hageselle på nettsida til Ulstein kommune.

Kommunen skal ha fått ein del meldingar om mangelfull brøyting. Dei melder tilbake at dei forstår frustrasjonen, alt tilgjengeleg mannskap er i sving for å rydde unna snøen.

Snøen er komprimert, vasshaldig og særs tung, noko som gjer at det tar lenger tid enn vanleg å få fjerna han.