Ungar på Indre Hareid: Denne søte gjengen med hattar og huer høyrde til på Indre Hareid på tidleg 1960-talet. Som nokre gonger før i denne spalta er det Einar Elvanes som er fotografen. Borna har meir eller mindre tatt oppstilling framfor huset hans på Elvaneset. Den vesle jenta med hatt heilt til venstre i bildet er Petra Brandal (i dag busett i Oslo). Deretter følgjer Jan Arve Hareide og (bak) Anita Brandal Moldskred (søster til Petra). Jenta ved sida av Jan Arve er Inger-Lise Holbæk-Hanssen Gjerde (busett i Haugsbygda) og broren Tore (busett i Kristiansand). Dei to budde på denne tida i kjellaren til Karl og Randi Brandal, seinare flytta dei til nybygd hus på Ytre-Hareid. Jenta i den fine strikkakofta med tilhøyrande hue er Hilde Hareide (gift Bjørnstad og busett på Nesodden). Ho har tatt eit grep rundt Grete Elvanes, medan tvillingbroren Odd ser ut til å ikkje bry seg om den faderlege fotografen. Storebror Svein Elvanes står heilt til høgre i duffelcoat og klaffehue. Han er i dag busett i Oslo. ANNE GRY EILERTSEN

Ungar på Indre Hareid