– Vi ønskjer å bruke god tid og vere nær barna slik at dei føler seg trygge. Vi er saman med dei på golvet og syng mykje i lag med dei, seier Karen Inger Kvamme (33) som er pedagog i Høddvollbarnehagen.

Ho kjem opphavleg frå Kvamsøya, men har budd i Brandal dei siste sju åra. Karen Inger har jobba som pedagog i til saman ti år, ni av desse har ho jobba med dei aller minste.

– Tidlegare var det slik at mange sette av tre dagar til barnehagetilvenning, men eg håper dei fleste barnehagar har gått vekk frå å følgje denne regelen slavisk. For mange barn er tre dagar for lite. No har vi i barnehagen fokus på tilvenning heile den første månaden, seier ho.

Dei fleste foreldra er med dei første dagane, og så trekkjer dei seg tilbake i løpet av den første veka.

Snakk med personalet

I Høddvollbarnehagen inviterer dei nye barn med foreldre til ei samling før sommaren.

– For oss er det viktig å få fram at vi er der for både barna og foreldra. Spesielt dei som har barn som skal byrje i barnehagen for første gong, har kanskje ein del spørsmål dei går rundt og lurer på. Vi vil gjerne at dei skal ta kontakt med oss, seier Karen Inger.

Fleire barn skal byrje no i august.

– Vi har delt dei opp i to grupper slik at dei startar kvar sin dag. På den måten får personalet betre tid til å få kontakt med det nye barnet og foreldra, seier Karen Inger.

Kvart barn får ei primærkontakt i barnehagen i tilvenningsperioden.

– I starten kan det vere fint for både barnet og foreldra å ha ein fast kontaktperson, seier ho.

Barnehagen ønskjer gjerne informasjon om kva barnet liker å leike med, korleis barnet vil ha det når det skal sove, kva mat barnet liker å ete og om det er andre ting som barnehagen bør vite om.

Tilpassar seg barnet

Nokre foreldre trur at alle barn må sove til same tid i barnehagen.

– Vi skal tilpasse oss barnet og ikkje omvendt. I byrjinga er det mange barn som søv to gongar for dag. Det er heller ikkje uvanleg at det er til litt ulike tider. Foreldre må ikkje føle på at dei skal få barna inn i eit bestemt mønster før dei skal i barnehagen, understrekar Karen Inger.

Det vil også vere svært individuelt kor lang tid eit barn treng for å føle seg trygg i barnehagen.

– Nokre har knapt tid til å vinke ha det til foreldra når dei går, medan andre kan trenge fleire veker på tilvenningsfasen, seier ho.

Ho råder foreldre til å spørje personalet om råd dersom dei er usikre.

– Viss barnet græt og held rundt foreldra når ein leverer, så kan det vere vanskeleg for foreldra å vite kva ein bør gjere, seier Karen Inger.

I ein slik situasjon skal personalet alltid spørje foreldra kva dei ønskjer.

– Vil du at eg skal ta imot han eller ho? For oss er det viktig å ha ein god dialog med foreldra. Når foreldra er trygge på barnehagen og dei som jobbar der, vil barnet merke det, meiner ho.

Barnehagen kan gjerne ringe eller sende ei melding for å fortelje korleis det går. Ein av dei største feila ein kan gjere som foreldre i tilvenningsfasen, er å ikkje seie ha det til barnet.

– Viss foreldre prøver å snike seg vekk utan å seie ha det, så kan barn verte usikre, seier Karen Inger.

Ho råder foreldre til å vere førebudde på at tilvenning av dei minste kan ta litt tid. Viss ein har høve til å la barnet ha litt kortare dagar i starten, kan det vere ein fordel. Fleire barn finn tryggleik i å ha med seg ein smokk eller ein kosebamse.

Trygt fang: Penelope Røren (1,5 år) har funne seg godt til rette i Høddvollbarnehagen. Her leikar ho saman med pedagog Karen Inger Kvamme. Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Kommunikasjon: I barnehagen har dei mykje rolleleik. Foto: Ingvild Myklebust Hovden