Hans Ole Låbakk, leiar i viltnemnda, har gjeve gardbrukar Johnny Holstad fellingsløyve på ein ramn.

Holstad driv med utegåande sau utpå Ulstein. Han har sau på beite og søyene er i gang med lamminga. Ramnen har den siste tida forsynt seg med nyfødde lam, difor har han søkt om skadefelling.

Låbakk har kome fram til at Holstad kan få løyve på skadefelling av ein ramn. Det er likevel viktig med avbøtande tiltak som til dømes å prøve å skremme ramnen. Han meiner også at sauebonden bør halde søyer med lam og søyer som skal lamme innomhus i perioden dei er sårbare for åtak.

Fellingsløyvet er tidsavgrensa fram til 1. juni i år.