– Vi er veldig takksame ovanfor Ulstein kommune som ønskjer å vere med på å bidra til eit ryddigare marint miljø, fortel prosjektleiar for marin forsøpling i Sunnmøre friluftsråd, Wenche Dyb, til Vikebladet Vestposten.

Ny medlem i år

Ulstein kommune blei i år ny medlem i Sunnmøre friluftsråd. Medlemskommunane i friluftsrådet har mellom anna moglegheita til å nytte Skjærgårdtjenesten i høve rydding av marint søppel. Dette er faktisk også nytt av året, då ein ikkje skal lenger tilbake enn til i slutten av juli for å finne nyheita om at Skjærgårdstjenesten også blir å sjå i Møre og Romsdal. Dette blir eit spleiselag der staten betalar om lag halvparten av tenesta, medan kommunane og fylkeskommunen dekkjer det resterande.

Medlemskontingenten som kommunane betalar til friluftsrådet inneheld mellom anna betaling for denne tenesta. Skjærgårdstenesten blir drive i samarbeid mellom Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Nyleg kom også ein ny båt på plass, arbeidsbåten «Ludvig».

Vedlikehald og transport

Skjærgårdtjenesten har som mandat å vedlikehalde såkalla statleg sikra eigedommar. I Ulstein kommune er det per dags dato éin slik eigedom, Borgarøya. Og kva for anna plass enn nettopp på Borgarøya var vel beste plassen å offisielt markere Ulstein kommune sitt medlemskap i friluftsrådet?

– Dette er ein nydeleg stad i skjergarden på Sunnmøre, og eit godt eksempel på ein stad som friluftsrådet og Skjærgårdtjenesten vil ta godt vare på, i samråd med kommunen, seier Wenche Dyb.

Skjærgårdtjenesten vil også vere tilgjengeleg i høve ryddeaksjonar, anten dei er i kommunal regi eller privat.

– Med denne båten har ein moglegheita til å reise ut til normalt utilgjengelege stader, og dersom vi får beskjed om at nokon har rydda til dømes ei øy for plast og anna søppel, kan ein samle dette på ein stad, og be oss om å hente det, seier Torgeir Sund, som er leiar for Skjærgårdstjenesten på Sunnmøre.

Vil ha fleire statleg sikra område

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) meiner medlemskapen i Sunnmøre friluftsråd er spennande og viktig av fleire grunnar.

– For det første er eit medlemskap i friluftsrådet noko vi held høgt. Så har vi mellom anna ønskje om å få på plass fleire statleg sikra område med tida. I dag er det berre Borgarøya som går under denne definisjonen. Også Osnessanden, Roppesanden, andre stader på Flø og Kjerringnesmyrane vil vi jobbe for å sikre. Vi ønskjer også forslag frå publikum på kva for område dei meiner er viktig å sikre, seier Knut Erik Engh.

Ordføraren er veldig glad for at Skjærgårdtjenesten no er på plass i Møre og Romsdal, og at tilbodet inngår i medlemskapen i Sunnmøre friluftsråd.

– Det betyr mykje for Ulstein kommune at vi har tilgang til ei så god teneste. Ta til dømes Borgarøya, der plenklipp, å halde fjøra rein og vegetasjonen nede, vil vere viktige oppgåver for Skjærgårdstjenesten. Med båten «Ludvig» har ein eit fartøy som gjer utilgjengelege stader tilgjengeleg, noko som heilt sikkert vil gje meirverdi, seier Engh og legg til:

– Det er viktig å hugse på at det ikkje er Skjærgårdtjenesten som skal gjere sjølve ryddearbeidet, det må vi gjere sjølve på dugnad, alle som har eit hjarte for det marine miljøet og eit ønskje om å bidra, seier ordførar Engh til slutt.