Per Ole Reite er lokalhistorikar frå Lauvstad. Han har gått grundig inn i kjeldene - og har jamvel sjølv vore på ein trevekes tur til Sør-Afrika for å finne ut meir. Boka er skriven på nynorsk - og det er då også frå Vestlandet at dei fleste norske Sør-Afrika-immigrantane kjem. Utvandringa var på sitt høgste på 1800-talet. Reite skriv sjølv i forordet at han hadde registrert i bygdebøkene at ein del personar frå bygdene her hadde utvandra til Sør-Afrika på slutten av 1800-talet: “Eg undra meg lenge på kva som hende med desse folka som tok ei anna lei enn den store straumen som gjekk mot vest. Etter å ha fått tak i ein del litteratur om emnet, slo tanken meg at det burde ha vore skrive ei bok der desse historiene vart sett saman i ein større samanheng.” Då Reite kom heim frå ei reise til Sør-Afrika “var ikkje ynskjet om å få noko ned på papiret mindre” - som han skriv det. Utvandringa til Sør-Afrika var mykje mindre enn den til Amerika - men ho var ikkje mindre dramatisk for dei som la i veg. Den aller første utvandringa til Sør-Afrika frå Europa kom på 1600-talet - og det fanst jamvel nokre norske sjeler i laget. Reite fann derfor norskætta også mellom det folkeslaget som vart kalla boerar. Seinare deltok nordmenn i gullgraving der Johannesburg voks fram - og norske misjonærar var mellom dei første som etablerte seg i Zululand. Per Ole Reite: Norsk utvandring til Sør-Afrika Spor Forlag, Ulsteinvik 276 sider - A4-format Rikt illustrert
Nyhende →
Dalsfjording med storverk om utvandringa til Sør-Afrika
Spor Forlag har gitt ut mange bøker i haust - dei fleste med lokalt nedslagsfelt. “Norsk utvandring til Sør-Afrika” av dalsfjordingen Per-Ole Reite er eit unntak. Boka er ei nasjonal satsing - og er faktisk til no det mest omfattande verket her i landet til om den norske utvandringa til Sør-Afrika.