Anne Marit Kvamme er aktiv i Nasjonalforeningen sitt helselag på Kvamsøy. Laget arrangerer føremiddagstreff for eldre, vitjar omsorgs- og sjukeheimar, arrangerer skulelunsjar, engasjerer seg i skulen sitt arbeid, og tek del i Demensaksjonen og Hjarteaksjonen til Nasjonalforeningen. Anne Marit Kvamme er spesielt oppteken av kosthaldet til born og eldre. Ho er med på alle arrangement som helselaget har, anten som deltakar eller arrangør, og held innlegg, syng, les, spelar, lagar mat og organiserer. I tillegg til det frivillige arbeidet, har Anne Marit Kvamme også hatt helsearbeid som yrke. Ho fekk utdanning på Nasjonalforeningen sin sjukepleiarskule i Molde, og engasjerte seg i arbeid for gamle og sjuke i Sande kommune frå 1968. Frå 1988 arbeidde ho som helsesøster i Sande kommune til ho pensjonerte seg i 2003.