Ulstein brannvesen har i dag to brannbilar slik brannordninga krev. Den eine bilen er ein Mercedes Benz frå 1992, den andre ein Dodge frå 1978. Sistnemnde er veteranbil frå komande årsskifte og fungerer som støttebil for den nyaste. Rådmannen meiner den eldste bilen er moden for utskifting. Brannsjefen har i mange år vald å vente med å be om løyving til kjøp av ny bil, for han ville sjå kva utfordringar Eiksundtunnelen gjev for brannvernet. Det kan vere ei utfordring å kome seg fort opp og ned av tunnelen. På Ulsteinsida har tunnelen fått ei stigning på 10 %, noko som tilseier at køyretøy skal nyttast under innsats her må ha kraftig motoryting. Mercedesen har for liten motor og for låg bremsekapasitet til at han er eigna i ein så bratt tunnel. Dodgen har for liten tank til å vere førsteutrykkingsbil. Kravet er ein tank på 2000 liter, medan han har 800 liter. Statens Vegvesen har løyvd Ulstein kommune 900 000 kr i tilskot til kjøp av nytt utstyr og opplæring knytt til tunnelberedskap. Vegvesen meiner Volda brannvesen må ha hovudansvaret for brannberedskapen i Eiksundtunnelen. Men i særskilte situasjonar kan det vere naudsynt med innsats frå båe sidene. På øy-sida ligg hovudansvaret hjå Ulstein brannvesen med Herøy brannvesen som støttestyrke. Rådmannen rår kommunestyret til å godkjenne kjøp av ny brannbil med tilhøyrande utstyr innanfor ei ramme på 3,4 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift. Den eldste brannbilen skal seljast. Denne saka skal innom møtet i teknisk utval onsdag 14. mars før ho går vidare til kommunestyret.