Det er vel ei veke sidan Åse Høvik (50) var Oslo for å ta imot prisen "Årets restaurantsjef". Åse har budd i Førde i 17 år, og er restaurantsjef ved Rica Sunnfjord. Avisa Firda slo saka stort opp. Men Åse Høvik er altså både fødd og oppvaksen i Ulsteinvik. Besteforeldra Oscar og Bergit Høvik dreiv Central Hotell i Kyrkjegata, og Åse som budde saman med foreldra Arne og Margot og fire søsken (trillingar) i Bakkegata, traska seg ofte ned på hotellet. Eg likte veldig godt å vere der. Det er ei eiga stemning på eit hotell. Besteforeldra mine starta hotellet då dei var unge. Eg trur ikkje bestemor var meir enn 19 år, fortel ho. Besteforeldra dreiv hotellet til midt på 1970-talet, og for nokre år sidan vart trehotellet rive. Då hadde Åse og heile familien hennar flytta frå Ulsteinvik for mange år sidan. Eg gjorde frå med gymnaset i Ulsteinvik, og så flytta eg. Først til Stranda for å gå på handelsskule og jobbe i resepsjonen på Stranda Hotell. Deretter gjekk eg Hotellhøgskulen, oppsummerer ho. Åse vedgår at no er sjeldan ho er i Ulsteinvik. I sjølve Ulsteinvik kjenner eg meg nesten ikkje att. Sentrum har blitt framandgjort for meg. Men sommarstida, når ho vitjar foreldra i Ålesund, tek ho seg av og til ein tur til Flø for å sjå på havet, storbåra og solnedgangen. At Åse skulle bli kåra til årets beste restaurantsjef kom som ei stor overrasking på henne. Det var sjølvsagt stas. Ikkje minst for Rica Sunnfjord. Rica-kjeda har mange hotell i Oslo og andre sentrale stader, så at utmerkinga gjekk til eit utkanthotell var ekstra hyggjeleg. Ulsteinvik får snart eit flunkande nytt hotell i sentrum. Kva med ein jobb der? Nei, eg trivst i Førde, så det blir ikkje aktuelt. Eg jobbar ved eit triveleg hotell her. Og kvar i verda har dei andre søskena dine busett seg? Brit bur i Oslo, Oscar i Måløy, Marie på Kvam i Gudbrandsdalen og Anne i Oslo, svarar årets restaurantsjef.