I førre veke kom meldinga om at Ulstein Marine Technology (UMT) med konsernsjef Stig Ulstein i spissen har kjøpt mesteparten av aksjane i Stromec pluss Rolls-Royce sitt anlegg på Hareid. UMT har dei siste åra kjøpt opp fleire små bedrifter og gitt dei vokster. At det stort sett har skjedd i det stille, passar konsernsjefen best.
Stig Ulstein i Ulstein Marin Technolgy synest det er positivt med all utbygginga som skjer i Ulsteinvik akkurat no. Men personleg er han ikkje så oppteken av kommunegrenser. Han investerer gjerne både i Hareid og Ulstein, og meiner at i alle fall Hareid og Ulstein burde vere ein kommune.