Norges Idrettsforbund har kome med ein del tilrådingar til omlegging av Hareid Stadion. Desse omleggingane har gjort prosjektet dyrare, og prosjektleiar Odd Arne Vikebakk har varsla kommunen om at den økonomiske bufferen er i ferd med å bli brukt opp. Han har derfor tilrådd at deler av halvsirkelen på baneanlegget ikkje blir opparbeidd og asfaltert. Dette kan gi prosjektet ei innsparing på opp mot 240.000 kroner. Men Sindre Breivik, prosjektleiar for Hareid Idrettslag, har sendt brev til politikarane der han ber dei folkevalde om å late fornuften råde, og at prosjektet blir fullt utbygt. Meir pengar frå idrettslaget Breivik har ikkje tru på at bufferen på uforutsette kostnader er så stor som Vikebakk har skissert, og som prosjektleiar for Hareid Idrettslag er han forundra over at idrettslaget ikkje har fått kome med moglege løysingar til reduksjon av anlegget. – Dersom formannskapet meiner at posten for uforutsette kostnader må aukast, burde ikkje Hareid Idrettslag bli spurt til råds? spør Breivik, som i brevet også signaliserer at idrettslaget ved arbeidsutvalet har gitt full støtte til å vere med på å få til ei full utbygging, til og med å legge meir tilskot inn om naudsynt. Hareid formannskap bestemte seg for å utsetje saka. Men for å halde søknadsfristen på Tippemidlane (15. januar) vedtok dei å auke søknaden med 240.000 kroner. Men saka vart ikkje realitetshandsama. – Vi kan gi Hareid Idrettslag sjansen til neste formannskapsmøte 28. januar å spytte inn meir pengar i prosjektet, slik at det blir fullt utbygt, sa Anders Riise. Han var heilt samd med rådmann Arne Gunnar Aschehoug sitt utsegn om at kommunen ikkje kunne auke ramma. – Sett i høve til andre behov i kommunen er det ikkje rett av oss å bruke meir pengar enn vi alt har lova til Hareid stadion, understreka rådmannen.
Nyhende →
Utvida tippemiddelsøknaden, men utan å love løyving
Kostnadsramma for utbygging av Hareid stadion er i ferd med å sprekke. Hareid formannskap vedtok å auke tippemiddelsøknaden med 240.000 kroner, men utan å love meir pengar.