Alle kommunane på Ytre Søre Sunnmøre har no under 2% av arbeidsstyrken sin registrert som heilt arbeidsledige. Dette er historisk låge tal som i pressemeldinga frå NAV vert framstilt slik: Sande - 1,3 prosent - 17 ledige, Herøy - 1,6 prosent - 68 ledige, Ulstein - 1,3 prosent - 43 ledige, og Hareid - 1,9 prosent - 42 ledige. For Sande sin del er det inga endring i høve til januar, medan det for dei andre kommunane er registrert ytterlegare nedgang i høve til januar. For heile Møre og Romsdal var det ved utgangen av februar registrert 2.152 personar heilt utan arbeid. Dette utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken, og er ein nedgang på 28,5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Nedgangen er på 8,3 prosent i høve til sist månad. I februar deltok 549 personar på ulike ordinære arbeidsmarknadstiltak, noko som gir ei brutto arbeidsløyse på 2.701 personar. Arbeidsløysa går ned for alle yrkesgrupper. NAV melder at det er stor etterspørsel innan helse, pleie og omsorg. I februar vart det registrert 2.012 nye stillingar i fylket. Dette er ein auke på heile 20 prosent i høve til tilsvarande periode i fjor. Mellom dei 12 yrka med størst tilgang av stillingar i februar var 7 relatert til helse, pleie og omsorg. Størst tilgang var det av sjukepleiarar med 138 nye stillingar.