I ei pressemelding frå Tussa heiter det vidare: "Totalt hadde konsernet 564,5 millionar kroner i inntekter i 2006, og eit driftsresultat på 103,7 millionar kroner. Resultatet etter skatt vart 32,8 millionar kroner, og styret har vedteke å betale ut 30.9 millionar kroner i utbyte. Tussa hadde ei auke i omsetnaden på 52,8 millionar kroner i 2006 samanlikna med 2005. Mykje av årsaka kan sporast til høgare kraftpris. Men samstundes som prisen på kraft har gått opp, har driftskostnadene for konsernet auka med 59,6 millionar kroner. Forklaringa på dette er at kraftproduksjonen gjekk ned med 25 prosent i løpet av fjoråret. Og lågare kraftproduksjon har igjen ført til større innkjøp av kraft for å dekkje det samla behovet i området. Svingingar i prisen Gjennomsnittleg spotpris på kraft var 39,5 øre/kWh i 2006. Det er 16 øre/kWh meir enn i 2005. Men prisen svinga kraftig igjennom året. Etter ein lang og tørr sommar var den månadlege snittprisen oppe i 54 øre/kWh i september, for så å falle til 28 øre/kWh i desember. Desse prissvingingane la grunnlag for gode resultat innanfor krafthandel. Lågare produksjon Når det gjeld produksjonsverdi er resultatet avhengig av både produsert volum og oppnådd pris. Produksjonen gjekk ned 25 prosent i 2006, frå 710,9 GWh i 2005 til 534,2 GWh i 2006. Samstundes var 66 prosent av normalproduksjonen prissikra til prisar godt under det marknaden i 2006 avspegla. 30,9 millionar i utbyte Styret har vedteke å betale ut eit utbyte på 12.000 kroner pr. aksje. Total har 2.578 aksjar rett på utbyte, noko som gir eit totalt utbyte på 30,9 millionar kroner. "