Foto: Leiv Arne Grimstad

Adventura er ei ungdomsgruppe innan Blå Kors, ein organisasjon som driv med rehabilitering av rusmisbrukarar. Rundt om i landet har organisasjonen i tillegg til åtte ungdomsgrupper også fem speidargrupper som driv med haldningsskapande arbeid.

Sigve Ulstein og Stian Lehmann Skeide, som sit i leiargruppa i Adventura på Ulstein saman med Hallbjørn Ulstein og Peter Vattøy Nygjerde, fortel at klubben har samling for unge gutar og jenter på Ulstein bedehus kvar laurdag frå klokka 9 til 01. - Vi er ein alternativ stad å vere på laurdagskveldane. Her får ungdomar som oss spele airhockey, bordtennis, biljard, sjå filmar og lytte til musikk - og dei får kjøpt varer i kiosken vår og sjølvsagt sitje og prate ved borda her.

- Kvar gong har vi også eit kvarters andaktsinnslag der vi hentar inn ein andaktshaldar, som klubben har i nettverket sitt. På siste møte var Gunnar Hamnøy innom.

Frammøtet på desse kveldane er på om lag 50, og ungdomane kjem også frå andre kommunar.

Adventura-klubben, som driv bedehuset, har to årlege inntektstiltak. Det eine er ein basar med åresal, det andre ein loppemarknad.

- Vi treng pengar til drifta, og i år har straumrekningane vore ekstra høge, fortel leiarane.

Som nemnt innleiingsvis byr loppemarknaden på alt frå bordlampar til sofaseksjonar. - Nytt av året er at det blir gjennomført ein auksjon der folk kan by på nokre spesielt flotte ting. - Vi lovar at folk skal bli overraska, seier dei fire leiarane.