Herøy har skåra dårleg på likestillingsindeksen i fleire år. Men dette har kommunen teke fatt i gjennom ein lokalsamfunnsanalyse, som skulle vise kva utfordringar Herøy-samfunnet har.

Møre og Romsdal har ei forholdsvis stor arbeidsinnvandring. Tilrettelegging for integrering av denne gruppa, både i arbeidsliv og fritid, er ei utfordring som må takast på alvor, heiter det på Herøy kommune si heimeside.

Det er alt oppretta ei styringsgruppe for forprosjektet. Fylkeskommunen hjelper til med finansiering gjennom KUN, Senter for Kunnskap og Likestilling.

Styringsgruppa, som hadde sitt første møte 22. april, har desse medlemane:

Kjersti Hasselø (fylkeskommunen), Synnøve Valle (Fylkesmannen), Guttorm Ulla (NHO), Olaug Andreassen (Herøyløftet) og Arnulf Goksøyr (ordførar i Herøy). Forprosjektet vert leia av Gunhild Thunem frå KUN.

- Offentleg og privat sektor er ikkje gode nok på befolkningsstrategi. Arbeid med inkludering og mangfald er viktig for å skape berekraftige samfunn. Behovet for arbeidskraft er aukande, og det vert difor viktig å ta i bruk all tilgjengeleg arbeidskraft, les vi Herøy kommune-sida.