Hittil i år utgjer resultat før skatt 118.2 mill, mot 574.4 mill pr. 30.09 i 2009.

Totale inntekter enda på 298.0 millionar i 3. kvartal 2010, mot 217.4 mill i 3. kvartal 2009.

Hittil i år utgjer totale inntekter 953.5 mill, av dette 154.4 mill er gevinst ved sal av Havila Troll, mot 677.8 mill i pr. 30.09 2009.

Av netto finanspostar utgjer urealisert kursgevinst på valutaposisjonar og sikringskontraktar 34.8 mill i 3 kvartal og urealisert kurstap pr. 30.09.10 på 56,9 mill. •

Reiarlaget hadde 25 farty i drift pr 30.09.2010 inklusiv driftsavtale for tre farty som er eigd av selskap utanfor konsernet. Fire av fartya blir opererte av joint venture-selskapet, Posh Havila Pte Ltd, i Singapore. Eit farty, Havila Fanø, vart levert dette kvartalet og gjekk rett på ein 5-årskontrakt.

Spotmarknaden for offshoreservice fartøy var svakare i tredje kvartal enn i andre kvartal, blant anna som følgje av fleire farty i marknaden. Dagratene har vore varierande og fallende på slutten av kvartalet. Spotmarknaden har vore betre for PSV fartøy enn for AHTS farty, men AHTS som utfører PSV-oppdrag har svekt PSV-ratane.

Av eigne farty var tre AHTS-farty i spotmarknaden gjennom heile kvartalet. Utnyttinga har vore akseptabel, med snittrater på høgd med gjennomsnittet i marknaden. Eitt av fartya har hatt 14 dagars verkstadopphald i perioden. Selskapets rekneskapstal og samanlikningstal er utarbeidd i samsvar til IFRS reglar, heiter det i meldinga.