Måsane hekkar akkurat no i Hareidsmyrane. Om nokre år kan eit slikt syn vere historie Foto: Anne gry eilertsen

Kampen om å få frigjort 90 mål i Hareidsmyrane har blitt ført av fleire ordførarar og politikarar i Hareid.

Miljøverndepartementet har foreslått å ta myra inn i Verneplan for hekkande sjøfugl, og dermed har saka stått i stampe.

Både kommunestyret, fylkesdirektøren, fylkesutvalet i Møre og Romsdal og Direktoratet for naturforvalting har tilrådd at kommunen skulle få regulere 90 mål i myra til industri. Men saka har lege til avgjerd i Miljøverndepartementet sidan mai 2007.

– Alt for lang tid, kommenterer Hans Gisle Holstad, som meiner han har purra i alle fall tjue gonger på dei tre åra han har vore ordførar.

Til statsråd utan hekkande måsar i Hareidsmyrane

Hareid kommune har no fått mail frå Miljøverndepartementet om at området i Hareidsmyrane er trekt frå verneplanen, som snart skal opp i Statsråd.

Holstad meiner stortingspolitikar Svein Gjelseth (Ap.) frå Herøy har vore ein viktig medspelar i arbeidet med å få Miljøverndepartementet til å kome med ein konklusjon. Gjennombrotet kom då Hans Gisle Holstad var med på KS sin ordførarkonferanse i Oslo tidlegare i denne veka.

Men Hareid kommune har ikkje vore handlingslamma medan dei har venta. Med atterhald om godkjenning frå Miljøverndepartementet har det 90 mål store området blitt ferdig regulert og godkjent.

Første steg no blir å starte prosessen med å løyse inn grunnen.

Reguleringsarbeid tek tid

Holstad fortel at han har fått fleire førespurnader frå folk som kan tenkje seg å starte industriverksemd på området. Han legg heller ikkje skjul på at han har fått nokså hardt trykk frå Hareid næringsforum, som har meint at saka har stått i stampe. – Eg er svært glad for at saka no har ordna seg. Å leggje til rette for nye bustad- og industrifelt er eit prioritert område for Hareid kommunestyre. Men det har synt seg at det ofte tek tid. Ikkje minst fordi prosessane ofte har blitt stoppa på grunn av kulturminnefunn, kommenterer Holstad.

Men i Hareidsmyrane er det altså hekkande måsar som har fått etableringa til å gå med sakte fart.