Hareid sin høgreback Svein Inge Nesset kallar inn 1-0-målet. Foto: Leiv Arne Grimstad

Kampen enda 3-2 til gjestane. Eit surt tap for heimelaget, men lite å gjere med - og eigentleg lite å seie på – alt io alt. Hareid tok leiinga på ei frisk forsering inn i Brattvågfeltet av høgreback Svein Inge Nesset. Svein Inge skaut, og ballen fauk inn i motsett hjørne frå 14-15 meters skrått hald.

I ein omgang der Hareid produserte lite var Ronny Jørgensen nær skoring, men keeperen til Brattvåg fekk skotuppen på ballen. På den andre sida av bana kan heimelaget takke keeper Vagn Scheide Mork for at det ikkje vart mål. Vagn spelte for første gong i regnklede (!) – noko han har lov til. I høve kampen hadde han fått påsydd eit 1-tal.

Litt flatterande leiing til Hareid etter ein jamn 1. omgang.

2. omgang starta som eit veritabelt stormløp mot Brattvåg-målet. Det kunne faktisk ha stått både 2-0 og 3-0 til heimelaget då Tore Ytre-Hauge slo støtte med Ronny Jørgensen, fekk ballen tilbake og fekk herleg treff. Dremed var 2-0 frå ca. 20 meters hald faktum.

Men 2-0 er ei farleg leiing – og då Martin Sundnes reduserte til 1-2 fekk gjestane blod på tann – medan heimelaget sprakk meir eller mindre i den defensive organiseringa.

Øyvind Sundnes skora dei to siste måla, som førte alle tre poenga nord om djupet.

Hareid leverte ein god kamp fram til Brattvåg sitt første mål. Tore Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy og Vagn Scheide Mork var alt i alt dei beste.

Resultat i dei andre kampane i denne runda: Stranda-Norborg 0-3, Herd-Volda 3-1, Bergsøy-Godøy 3-1, Valder-Rollon 3-2. Hødd2 har heimekamp mot Spjelkavik måndag 3. mai.

Tabellen viser at Hareid - trass i to strake tap - held 6.-plassen på tabellen - den siste plassen som gir deltaking i neste års 3.-div.:

Herd 3 2 0 0 6 - 1 1 0 0 5 - 0 3 0 0 11 - 1 10 9

Bergsøy 3 2 0 0 5 - 3 1 0 0 2 - 1 3 0 0 7 - 4 3 9

Norborg 3 0 1 0 2 - 2 2 0 0 7 - 3 2 1 0 9 - 5 4 7

Brattvåg 3 1 0 0 2 - 0 1 1 0 5 - 4 2 1 0 7 - 4 3 7

Hødd 2 2 2 0 0 8 - 1 0 0 0 0 - 0 2 0 0 8 - 1 7 6

Hareid 3 1 0 1 6 - 6 0 0 1 1 - 2 1 0 2 7 - 8 -1 3

Spjelkavik 2 1 0 0 2 - 1 0 0 1 0 - 2 1 0 1 2 - 3 -1 3

Stranda 3 1 0 1 2 - 3 0 0 1 0 - 2 1 0 2 2 - 5 -3 3

Valder 3 1 0 1 3 - 7 0 0 1 1 - 2 1 0 2 4 - 9 -5 3

Rollon 3 0 0 1 3 - 4 0 0 2 2 - 6 0 0 3 5 - 10 -5 0

Godøy 3 0 0 0 0 - 0 0 0 3 5 - 11 0 0 3 5 - 11 -6 0

Volda 3 0 0 1 1 - 2 0 0 2 2 - 7 0 0 3 3 - 9 -6 0