Sist torsdag tok Ulstein kommunestyre samrøystes til vitande orienteringa om nasjonale prøver 2009 i grunnskulen i Ulstein. Vikebladet Vestposten har tidlegare offentleggjort resultatet for femteklassingane, men resultatet frå åttandeklassingane hadde me då ikkje tilgang på. Men no vart resultata frå åttandeklassingane i Ulstein offentleggjort gjennom sakspapira til Ulstein kommunestyre. Medan landssnittet og fylkessnittet i rekning var på 3,1, var det mellom ulsteinelevane på 3,2. Til samanlikning var det i 2008 3,3, mot 3,0 i 2007. I lesing var snittet både på landsplan, i fylket og i Ulstein 3,1. I engelsk låg snittet i Ulstein på 3,3, mot 3,1 i fylket og 3,0 nasjonalt. Det er til saman fem nivå elevane blir fordelte på, der ein er dårlegast. 14 prosent av elevane i Ulstein kom på nivå 5 i rekning, 29 prosent på nivå 4.
Nyhende →
Åttandeklassingane i Ulstein ligg litt over snittet
Resultatet frå dei nasjonale prøvene i 2009 syner at elevane i Ulstein gjer det litt betre i rekning og engelsk enn landssnittet.