Elling Dybdal, konserndirektør i Tussa. Foto: Tussa

Men han trur prosjektet må vere prega av nøkternheit og at det også må vere lokalt handtert.

Tilgjengelege analysar seier at eit kraftverk i det etablerte fallområdet i Indredalen vil kunne ta ut 1,5 GWh i årsproduksjon. Med litt fleire maskiner som kan utnytte vassfløda betre kan Dybdal tenke seg at ein kan ta ut 10 prosent meir.

Men vassdraget og nedslagsfeltet har si klare, naturlege avgrensing. Skal ein til med store utgreiingar og utviding av prosjektet, så vil også det koste meir pengar.

Dybdal forstår at det foregår ein eigedomsstrid i Indredalen, ein strid han sjølv ikkje har sett seg inn i.

- Akkurat den sida har eg ikkje tenkt å legge meg borti, heller, men eg vil tilrå at ein først løyser eigedomsstriden før ein vurderer potensialet i dette, seier han.