Pernille Indreeide (85) vart funnen omkomen ute i terrenget ved Osberget, i underkant av ein kilometer frå bustaden hennar.

Det var ein hundeekvipasje frå Norske redningshunder som fann henne torsdag rundt klokka 10.30.

Det stadfestar politiets innsatsleiar, Bård Mork, som befann seg på staden.

Politi, mannskap frå Raude Kors Hjelpekorps, Norske redningshunder og eit Sea King redningshelikopter har leitt etter kvinna sidan natt til torsdag.

Lokal FIG-gruppe var også varsla, men ikkje sett i aksjon.

Det var ein hundeekvipasje frå Norske redningshunder som fann henne torsdag rundt klokka 10.30. Foto: Joar Drønnesund