Dykkarfartyet Seven Havila hadde nyleg åtte dykkarar i arbeid på havbotnen på same tid. Det er etter alt å døme ny verdsrekord.

Seven Havila, som er eigd av Subsea 7 og Havila Shipping, er designa av det Herøy-baserte selskapet Havyard Group AS. Gael Cailleaux, Vice President for Offshore Resources hjå Subsea 7, eit selskap som driv havbotn-til-overflate engineering og leverer konstruksjonar og tenester til offshorebransjen, stadfestar prestasjonen der åtte dykkarar var i aksjon samstundes.

- Så langt vi veit har det aldri vore så mange dykkarar på havbotnen samstundes frå eit enkelt dykkarskip. Målet med operasjonen var nettopp å teste ut dette. Begge dykkarklokkene var i aksjon samtundes. Medan ein dykkar oppheldt seg inne i kvar dykkarklokke, jobba tre dykkarar utanfor kvar av dei to dykkarklokkene, seier Cailleaux.

Testen fant stad nær Stavanger, på 30 meters djup.

400 METERS DJUP

Dykkarsystemet, levert av det tyske selskapet Dräger, inkluderer eit 10 kammers- og 24 manns metningsrom, fullt datastyrt, med dobbel klokke-handteringssystem, som kan arbeide ned til 400 meters djup.

- Seven Havila, av mange ansett som det mest avanserte dykkarfartyet i verda, er designa og utstyrt med dei aller nyaste dykkesystema. I 2011 mottok Seven Havila den svært prestisjetunge prisen ”Support Vessel of the Year” under OSJ-konferansen i London. Skipet er designa av Havyard Design & Engineering i Fosnavåg og er bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn, heiter det i den utsende pressemeldinga.

Seven Havila er designa med fokus på drift i utfordrande omgjevnadar og for samstundes å oppnå maksimal effektivitet i utføring av si verksemd. I tillegg er det lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø for offshorepersonell, saman med høgt fokus på kvalitet og sikkerheit under alle operasjonar.

SAMARBEID

- Det er klart at du vert både stolt og audmjuk når ein har vore med på å designe eit slikt fartøy. Dette viser at når ein frå starten av har reiarlag, operatør, designer, verft og dykkerselskap med i utviklinga av skipet, så vert resultatet bra. Og dette er eit godt eksempel på det, seier sjefsdesigner ved Havyard Design & Engineering, Arve Helsem Leine.

Heilt fra starten av var Seven Havila utforma i samsvar med avanserte system for metningsdykking. Det er eit moderne dykkarfarty, spesialtilpassa for undervassoperasjonar assistert av metningsdykkarar.

Og administrerende direktør Njål Sævik i Havila Shipping er veldig stolt av fartyets verdsrekord.

- Vi får ofte høyre at vi har verdas mest avanserte og moderne dykkarskip, og dette er vel nok eit bevis på det. For oss som reiarlag er det sjølvsagt en stor fordel å være deleigar i eit skip som dette og kunne tilby det i marknaden, seier Sævik