Kan politikarane bevisst underbudsjettere eit tiltak for å kome seg unna Doffin-kunngjering?

Dette var ei problemstilling då Hareid kommunestyre i siste møte skulle ta stilling til to investeringar som begge var prisa til 500.000 kroner.

Doffin er ein nasjonal kunngjeringsbase for offentlege innkjøp. Regelverket seier at alle slike innkjøp på over 500.000 kroner skal kunngjerast i denne basen.

Men går det an å lure seg unna?

Hjellebakken

Det første innkjøpet galdt bufellesskapet Hjellebakken. Her var det i utgangspunktet sett ein pris på 500.000 kroner for oppsetjing av ei utebod på 48 kvm. Men under møtet kom det fram at det i tillegg var ønske om utgraving av masse, oppsetjing av ein mur og tillaging av ein leikeplass. Totalt ville dette koste godt over 500.000 kroner, og dermed ville heile prosjektet utløyse krav om Doffin-utlysing.

Ettersom situasjonen var nemnt som «prekær» - og det hasta med å få gjort arbeidet - foreslo Dag Audun Eliassen (Folkelista) å setje kostnaden til 450.000 kroner. Ordførar Anders Riise (H) bad om å få utarbeidt pristilbod som gjorde det muleg for formannskapet å trekke dei ulike bitane ut av arbeidet.

Syverplassen

I ei liknande sak som galdt bygging av tilbygg ved Syverplassen barnehage, var også prisen i utgangspunktet sett til 500.000 kroner, ein pris som (vart det sagt) sannsynlegvis ikkje ville halde.

Her reduserte politikarane prisoverslaget til 400.000, noko som fekk representanten Kjersti Røyset Topphol (KrF) til å spørje rådmannen om det var greitt å budsjettere med mindre enn reell pris bl. a. for å unngå Doffin.

Til det sa rådmannen at ein ikkje kunne drive bevisst på denne måten.