Nasjonalt kom det inn vel 220 millionar kroner. Pengane går til Unicef, som skal bruke kronene til skulegang til born i krig og konflikt.

I Møre og Romsdal vart det samla inn vel 13,6 millionar kroner. Det vart 51,21 kroner per innbyggjar. Sula kommune hadde eit mål om å kome best ut i fylket, etter å tidlegare ha gjort det dårleg samanlikna med andre kommunar. Dei kom på førsteplass i fylket, med litt over hundre kroner per innbyggjar. Nummer to vart Sandøy og nummer tre Sande.

Sande samla inn 87,64 kr per innbyggjar, noko som gav dei ein 23. plass nasjonalt. I Sande var det fleire skular og idrettslag som hadde samla inn pengar.

Herøy kom på 11. plass i fylket, 88. plass nasjonalt med 61,36 kr per innbyggjar.

I Hareid vart det samla inn 252 144 kroner. Her vart det samla inn heile 27 854 kroner på Hareid skule og 9805 kroner frå Hjørungavåg skule! Per innbyggjar vart det samla inn 48,64 kr. Med det kom Hareid på 22. plass i fylket og 188. plass nasjonalt.

I Ulstein vart det samla inn under landssnittet på 41,94 kroner. Med bøsser, auksjon og kommune vart det samla inn til saman 350 096 kroner, noko som vart 41,39 kr per innbyggjar. Ulstein ligg på 30. plass i fylket og 298. plass nasjonalt.