Dei nominerte skal vere personar over 60 år som gjer og har gjort ein særleg viktig innsats for lokalsamfunnet – utover det som har vore jobben deira.

Det er fjerde gongen arrangementet blir halde. Kongeparet vil med dette setje fokus på verdien av aktiv alderdom, både for den enkelte, for medmenneska og for lokalsamfunna.

Gamal engelsk skikk

Arrangementet på Slottet går ut på ei omvising, servering, talar, andre innslag og samtalar. Afternoon Tea er ei gamal engelsk skikk som Dronning Maud tok med seg inn i kongefamilien og som har lange tradisjonar. Dei som har fått Kongens fortenestemedalje tidlegare er ikkje kandidatar, heller ikkje dei som tidlegare har vore inviterte til Slottet. Kongeparet utfordrar til å tenke kreativt i tråd med tematikken «aktiv alderdom».

Fylkesmannen gjer merksam på at dei personane som det blir spelt inn forslag på ikkje blir gjort kjende med det. Han vil nemleg at uttaket skal kome som ei overrasking i posten.

I utgangspunktet blir alle gjestane inviterte åleine, men dersom nokon av dei har nedsett funksjonsevne eller av andre årsaker treng å ha med ledsagar, er det fint om dette blir notert i innspelet.

Sa legg Fylkesmannen til: «Ein idé kan kanskje vere å invitere nokon som, i tillegg til å fylle dei nemnde kriteria, også fyller 80 år i år – som kongeparet gjer ...

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått ei ramme på fire personar utifrå alle forslaga som kjem inn.

Ordførarane er kontaktpersonar i kommunane. Dersom nokon ønskjer å spele inn kandidatar, er det dei som skal ha tipset.

Tidsfrist for å sende inn forslag er sett til 27. august.

Dronning Maud tok med seg skikken «Afternoon Tea» til Norge frå England. Foto: Leiv Arne Grimstad