Søre Sunnmøre Reinhaldsverk skal byggje nytt tipphus og omlastingshall ved anlegget sitt i Saunesmarka.

Vedteke reguleringsplan seier at dei ikkje får byggje høgare enn 8 meter. Men dei ønskjer å byggje med ei gemsimshøgd på 10,6 og 11,5 meter. I søknaden sin til Ulstein kommune skriv dei at det er naudsynt med slike høgder for å få inn portar i bygga og fordi avfallsbilane skal tippe avfall ned i underliggande konstruksjonar utan fare for at avfallet skal forureine nærområda. Dagens bilar er større enn før, noko som fører til at dei treng større portar og høgre bygningar.

Dei har også søkt om dispensasjon frå byggjegrensa for den nye vaskehallen. Søknaden er grunngjeve med at det blir ein vesentleg betre situasjon med tanke på bruken av arealet mellom eksisterande bygg og dei nye bygga.

Det ligg ikkje føre merknader frå naboar.

Kommunalsjef teknisk rår teknisk utval i Ulstein kommune til å godkjenne søknadene å gje dei dispensasjon. Saka skal opp i teknisk utval i Ulstein torsdag 5. oktober.