Dei fleste hugsar nok ekstremvêret Dagmar i 2011, som førte til store straumbrot og kommunikasjonsutfordringar. I tilfelle dårleg vêr i jula og rundt nyttår, oppmodar heimetenesta i Hareid pårørande til å vere med på å tenkje førebyggjande.
– Dersom straumen går er det lurt å ha ei lommelykt eller lys lett tilgjengeleg. Dette er noko pårørande kan hjelpe til med å få på plass, seier kommunalsjef i sektor for velferd i Hareid kommune, Berit Aasen (f.v.), einingsleiar for heimetenestene, Christina Aasen-Helvig og fagkonsulent Unni Bergdal.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.