Det er klart for ein av årets flottaste meteorsvermar, ifølgje Astroevents, som blir driven av astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona Anne Mette Sannes.

- Frå Sør-Norge kan vi snart oppleve ein av årets kraftigaste meteorsvermar, når Jorda passerer gjennom eit støvband frå kometen Swift-Tuttle. Dei første stjerneskota frå svermen har allereie blitt observert, men topp-punktet er forventa å kome natt til 12. august og 13. august. Perseidane er difor den einaste svermen vi her i Norge kan oppleve under nokolunde sommarlege forhold, seier Ødegaard og Sannes.

80-100 stjerneskot i timen

Meteorforskarane har rekna seg fram til at Jorda i år vil passere gjennom den tettaste delen av støvbandet etter kometen laurdag 12. august kl. 19 norsk tid.

- Det betyr at ein kan vente størst aktivitet natt til søndag 13. august, men også natt til 12. august vil det vere høg aktivitet.

- Vanlegvis får vi sjå opptil 80 –100 stjerneskot i timen under Perseidane, men i år kjem Månen til å vere oppe og gjere himmelen såpass lys at dei svakare meteorane ikkje blir synlege. Men svermen er rik på lyssterke stjerneskot, så trass månelyset skal vi kunne sjå 40 –50 meteorar i timen.

Ekteparet Anne Mette Sannes & Knut Jørgen Røed Ødegaard, høvesvis science fiction-forfattar og astrofysikar. Foto: Privat.