Ifølgje kommunikasjonsansvarleg i SSR, Linn Urke Osnes, vart forslaget til ny henteordning samrøystes vedteke av representantskapet. I representantskapet sit politikarar frå dei fire eigarkommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

På nettsida til renovasjonsselskapet heiter det at den nye ordninga skal innførast i nokre område i slutten av 2018 og vere innført i alle fire kommunane sommaren 2019.

Ordninga inneber at matavfall og våtorganisk avfall vert henta to gongar i månaden, medan restavfall, papir, papp og plast vert henta ein gong i månaden.

Selskapet skriv også følgjande:

"I matavfall/våtorganisk avfall kan du kaste alle typar matavfall, tørkepapir, bleier, teposar, kaffifilter og kaffigrut. Alle detaljar rundt henteordninga er ikkje klare, og det kjem informasjon om den nye ordninga i fleire omgongar før den skal innførast.

Endringar er alltid ei utfordring, men vi trur og håper at dette blir ei god ordning for kundane våre. Vi tek gjerne imot innspel til korleis du trur den nye ordninga blir og kva som er viktig for SSR å tenkje på under innføringa av den."