Å ha juletre i kyrkja i jula høyrer med til tradisjonane, meiner kyrkjeverja Jan Erik Hovland. Soknerådsmedlem Wenche Roppen stod ein dag på galleriet og song då ho fekk eit syn om kor vakkert det hadde vore med eit stort juletre i kyrkja.
– Minst fem meter høgt, tenkte eg.
Ho sett kyrkjetenar Bjarte Sunde på saka, og han var i skogen og speida etter eit fem meter høgt juletre.
– Men stammane vart så digre at vi slo det frå oss, forklarer Wenche.
I staden fekk ho fri bane til å ringe rundt til det lokale næringslivet med oppmoding om å vere med på eit spleiselag for eit stort, kunstig juletre i kyrkja.
– Det var i kjekt. Nesten alle syntest det var ein god ide, og sa ja, summerer ho opp.
No ruvar det flotte juletreet i koret. Der skal det stå til over nyttår.
– Då får soknerådet ta seg ein kaffipause under møtet og plukke det ned att, seier Wenche, som fortel at det skal lagrast i klokketårnet.
Ordinær utsalspris på det store treet er om lag 30.000 kroner, og kyrkjeverje Hovland rettar ei stor takk til alle som har vore med på å sponse treet.
- Det er fleire som har sagt til meg at dei er glade for at kyrkja i år stiller med juletre i plast. Dei har fortalt at dei ikkje har gått til kyrkje julaftan fordi dei er allergiske mot ekte juletre, fortel Wenche Roppen.