Ein laurdag ettermiddag i fjor vår vart ein mann på Ytre Søre stoppa under ein køyretur på ca. 300 meter i tettbygd strøk. Mistanken om promillekøyring var stor, og analyseresultatet frå Folkehelseinstituttet stadfesta dette: blodprøva som vart tatt vel 1,5 timar etter køyring viste ei promille på 2,26.

Då saka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett meinte retten at straffa for å køyre med så høg promille i tettbygd strøk burde setjast til fengsel i 25 dagar.

Men mannen kom med ei tilståing utan atterhald, og det har gått over frå køyreturen vart gjort, til saka kom for retten.

Det lange tidsperspektivet gir ikke grunnlag for å gjere fengselsstraffa betinga, men retten kom derimot til at det ville vere rett å redusere fengselsstraffa til 14 dagar.

I tillegg må mannen betale ei bot på 10.000 kroner, og vere utan førarkort i to år.