Hareidsfirmaet Rise Bygg sitt leilegheitsbygg på Larsnes har kome eit steg vidare. Over helga blir det informasjonsmøte om Larsnes Brygge, der potensielle kjøparar får vite meir, skriv Vestlandsnytt.

Det er planlagt i alt 20 leilegheiter, fordelt på to bygg, med 14 i den eine og seks i det andre.

Prosjektleiar Peter Rise i Rise Bygg kjenner seg trygg på at interessa vil vere stor for bygget på Larsnes.