Aktor har akkurat no konfrontert den tiltalte om ei hending to dagar før dødsfallet:

Tiltalte fortel om då han slo fornærma, nokre dagar i forkant av den tragiske hendinga.

Tiltalte var oppgitt og sint fordi ekskjærasten ikkje forstod at han ikkje ville sonen skulle vere åleine i leilegheita. Han gjekk ned til den fornærma, og spurte om han forstod kvifor tiltalte var sint.

Den fornærma sa han ikkje forstod, og difor slo tiltalte han.

- Ikkje problem med alkohol og sinne

Tiltalte blir spurt av aktor om han har problem med sinne eller alkohol. Tiltalte seier nei på begge spørsmåla .

Aktor har innleiingsvis fortalt om hendingsforløpet, og kring nokre av detaljane i saka.

Før den aktuelle natta oppheldt tiltalte seg med systera. Snakka med ho om situasjonen, at tiltalte ikkje likte korleis ting var.

Håp om at det skulle bli godt att med ekskjærasten

Aktor fortel at fornærma og ekskjærasten planla å lage til eit barnerom nede hjå fornærma. Aktor spør også om tiltalte hadde forhåpningar om at han og ekskjærasten kunne finne saman igjen.

Tiltalte svarar ja.

Tiltalte fortel vidare at han ikkje var sjalu, men at han ikkje likte situasjonen slik den var på dette tidspunktet.

Hugsar lyden då flaska traff

Får spørsmål om han hugsar sjølve gjerninga. Tiltalte svarar nei. Aktor spør om tiltalte visste kvar flaska han nytta var, og tiltalte svarer han hugsa den stod i naborommet til soverommet der fornærma låg og sov.

Tiltalte seier han hugsar lyden av flaska då han traff fornærma.

Aktor spør om tiltalte ville slått den fornærma dersom han ikkje var alkoholpåverka. Tiltalte svarer nei.

Blackout i gjerningsøyeblikket

Tiltalte fortel at han fekk ein form for blackout i gjerningsaugneblinken. Han kan ikkje svare på om han hadde hatt noko liknande tidlegare .Aktor spør kring forholdet til sonen. Tiltalte seier forholdet til sonen er viktig for han, og han føler framtida til han og barnet var truga.

Han seier også at han ikkje hugsar om ekskjærasten prøvde å stoppe han.

Snakka sjølv med politiet

Etter at tiltalte hadde slått den fornærma slo ekskjærasten nummeret til ambulansen, men det var tiltalte sjølv som snakka med dei.

Aktor spør om tiltalte snakka meir med den to år gamle sonen sin før han blei tatt med av politiet. Tiltalte svarer at han gav sonen sin ein klem.  No er det pause i retten fram til klokka 12.00

Fekk servert pils og vin før ugjerninga

Tiltalte fekk servert pils og vin, og han og systera prata utover nattetimane. Tiltalte ringte i løpet av natta til ein kvinneleg arbeidskollega, som han hadde ein nær relasjon til.

Ringte ekskjærasten for å få vite korleis det stod til med barnet. Fekk ikkje svar, køyrte heim til leilegheita som han og ekskjærasten framleis budde saman i. Gjekk utanfor vindauget til barnerommet for å høyre om sonen gret. Høyrte ingenting, og gikk ut i garasjen der han drakk nokre øl.

Tiltalte var oppgitt over heile situasjonen.

Aktor spør kvifor tiltalte drakk i garasjen, og ikkje i stua i leilegheita si. Tiltalte svarer at han ikkje ville forstyrre nokon.

Tiltalte, som ser ut til å vere prega av alvoret i saka, forklarar seg no.Tiltalte fortel at han og hans tidlegare kjærast blei saman i 2009, at dei budde dei to første åra i Russland, før dei flytta til Ulstein.

Han fortel vidare at han hadde eit vanskeleg forhold med ekskjærasten i tida før natta hendinga fann stad.

Forholdet blei verre i fjor sommar, tiltalte og ekskjærasten krangla mykje. Dei bestemte seg for å framleis bu saman, sjølv om det blei slutt.

Tiltalte fortel vidare at han kjente den fornærma frå før. Fornærma budde i etasjen under, i første etasje i same bygg.

Han fekk vite av ekskjærasten min at ho og fornærma var i eit forhold. Han seier han ikkje syntest noko om det, men prata med han, og sa at det iallfall måtte gjerast på ein skikkeleg måte.

Gradvis meir sjalu

Tiltalte blei gradvis meir sjalu, mellom anna fordi ekskjærasten gjekk ned ei etasje til fornærma for å vere saman med han til langt på natt.

Tiltalte kom heim etter ein fest ei natt, og såg at deira felles barn som låg åleine og sov i leilegheita i andre etasje. Tiltalte ringte ekskjærasten, og sa at han ikkje syntest noko om det at barnet låg åleine i leilegheita.

Den aktuelle natta, då hendinga fann stad, køyrte tiltalte heim for å sjekke at alt var bra med barnet. Han fann døra låst. Han drakk nokre øl før han gjekk inn til fornærma, der han fann han liggjande i senga ved sidan av sonen sin.

- Etter det hugsar eg ikkje noko. Det svartna for meg, seier tiltalte.

Aktor spør om situasjonen 26. oktober (tre dagar før hendinga):

Tiltalte fortel om då han slo fornærma, nokre dagar i forkant av den tragiske hendinga.

Tiltalte var oppgitt og sint fordi ekskjærasten ikkje forstod at han ikkje ville sonen skulle vere åleine i leilegheita. Han gjekk ned til den fornærma, og spurte om han forstod kvifor tiltalte var sint. Den fornærma sa han ikkje forstod, og difor slo tiltalte han.

Tiltalte blir spurt av aktor om han har problem med sinne eller alkohol. Tiltalte seier nei på begge spørsmåla.

Retten er satt for første dag i saka mot den tiltalte som er tiltalt for ha forvoldt Preben Mikael Dimmen skader som han døydde av seinare same dag. I tiltalebeslutninga frå Statsadvokatane i Møre og Romsdal, og Sogn of Fjordane går det fram at den tiltalte er sikta for å slå offeret gjentatte gongar mot hovudet med ei glasflaske.

Skadene som oppsto var så alvorlege at Dimmen døydde seinare same dag.Aktor har innleiingsvis fortalt om hendingsforløpet, og kring nokre av detaljane i saka.

Vikebladet.no oppdaterer etter kvart