– Volda og Ørsta blir for smått, på same måten som Ulstein og Hareid blir det, skriv Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein i ein e-post til Vikebladet Vestposten.

Rådmannen har etter ynskje frå kommunestyret lagt fram ei sak til komande formannskapsmøte om vegen vidare i høve kommunereforma.

Må sjå langt framover

Vik Arset er klar på at ein må sjå langt framover, og at ein bør prøve å få med alle kommunane på søre Sunnmøre.

– Ein må sjå dette i eit fleirgenerasjonsperspekitv, to-tre generasjonar, seier rådmannen som trur noko av nøkkelen til å få ei samanslåing med alle kommunane til å fungere, vil vere å ta i bruk lokalutval.

– Leiande folkevalde i dagens kommunar får gjennom lokalutval dermed betydeleg delegasjon frå det nye kommunestyret til å forvalte saker som folk bryr seg om – arealsaker, dispensasjonar, asfaltplanar, for å nemne noko.

Rådmannen ser at det vil verte færre rådmenn og færre i administrasjonen, men han trur likevel det vil vere naudsynt med administrasjonsbygg i dei noverande kommunane.

– Det vil framleis vere eit behov der folk bur og tenestene blir levert, seier han.

Mindre emosjonelt

Ulsteinrådmannen trur samanslåingar av to-tre kommunar raskt vil føre til ei ny runde.

– Med to-tre samanslegne kommunar får ein i tillegg lettare identitetsfaktoren, og kjensla av å måtte gifte seg med den middels attraktive naboen.

Gjennom å slå saman alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre, trur Vik Arset at ein slepp unna ein del av del emosjonelle vinklingane.

– Dei er berre med på å forstyrre prosessen, fortel han.

Ministeren meiner alvor

I framlegget som formannskapet i Ulstein skal handsame er det sett opp ein tidsplan som legg opp til at det blir fatta kommunale vedtak innan sommaren 2016.

– Det skal gå ganske fort. Dei som ikkje finn saman sjølve blir gjenre tvungne saman og det er om å gjere å vere førsteveljar. Det er dei lange linjene som gjeld, meiner rådmannen.

I konklusjonen sin i saka som blir lagt fram for politikarane i Ulstein skriv rådmannen:

– Men denne gongen meiner kommunalministeren alvor. Alt tyder på at lokalvalet neste haust vert det siste for Ulstein kommune åleine.