Regjeringa har bestemt seg for kvar dei vil ha ferjefri E39. Statsminister Erna Solberg meir enn antydar til Aftenposten at strekninga mot Bergen sørfrå og fjordkryssing til Molde ligg langt framme i køa.

Det er som musikk i øyrene på NHO-president Tore Ulstein.

Ulstein uttaler til Aftenposten at E39 først må utbyggjast der det gir størst effekt. Då må utbygginga konsentrere seg om område der det bur mest folk, og der det er sjanse til å oppnå klyngeeffekt.

NHO-presidenten peikar på at Stavanger-Bergen har ein sterk befolkningsauke og ikkje minst ein særleg sterk vekst i det regionale næringslivet. Og at også området Ålesund-Molde-Kristiansund er sentrale for NHO.

Ulstein vedgår at det finst strekningar langs E39 som har vesentleg dårlegare standard, men han viser til at store deler av den mest kompetente og best utdanna arbeidskrafta i dag går til Oslo-området, og dei andre største byane.

- Med ei rask utbygging av E39 kan dette snu. Vegen vil bidra til fleire næringsmiljø rundt og mellom byane og tettstadane på Vestlandet, uttaler Tore Ulstein til aftenposten.