Like ved Mjølstadneset i Herøy kommune køyrde ein personbil av vegen like etter klokka seks i kveld (torsdag).

To personar var i bilen. Ambulanse, brannvesen og politi rykte ut til utforkøyringa. Ingen personar kom til skade.

Politiet etterforskar saka. Dei har mistanke om at føraren fikla med mobiltelefon medan han køyrde. Dei tok førarkortet frå føraren på staden.