Fiskeridirektoratets Miljøpris for 2013 blir delt ut av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og fiskeridirektør Liv Holmefjord på AquaNor i Trondheim tysdag 13. august.

Miljøprisen delast kvart år ut til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som tek miljøansvar i fiskeri- eller akvakultursektoren.

Fiskeridirektoratet har sidan 2007 delt ut en miljøpris som skal synleggjere innsats innan fiskeri og havbruk som har eller kan ha miljømessig gevinst og dermed bidra til auka berekraft i fiskeri- og havbrukssektoren.

I år er det akvakulturmesse som arrangerast i Trondheim. Difor vil prisen gå til ein mottakar som har sitt virke innan havbruk.

Utanom heider og ære, mottek vinnaren eit grafisk trykk av en anerkjend norsk kunstnar og eit diplom.