Dei siste åra har det vore tivoli i Ulsteinvik under Smak av Ulstein. I år blir det veka før.

Formannskapet i Ulstein har tidlegare signalisert at kommunen kan gje løyve til to tivoli i året. Eit under Smak av Ulstein og eit under Trebaatfestivalen. Smak av Ulstein skal vere 11.–15. juni, men tivoliet skal i år vere veka før, 4.–9. juni.

Kommunalsjef teknisk gjev kulturkontoret i kommunen løyve til å ha tivoli på parkeringsplassen til Rolls-Royce på nokre vilkår. Mellom anna må det vere tilstrekkeleg med toalett der.